Våre dyr
Vil du starte med alpakkadrift?
Alpakkadrift
Er du interessert i å starte opp med alpakkadrift, så er det berre å ta kontakt for ein alpakkaprat. Vi kan tilby god oppfølging, og tilbod om bedekning frå ein av topphingstane våre.
Levering har vore utført av oss sjølve, dels for at vi også kan få sjå lokalitetane alpakkaene skal vere, og dels for å svare på spørsmål som måtte dukke opp.
Vi veks for kvart år og no er vi nødt til å selge unna litt av flokken vår. Alle dyra har gitt oss flotte avkom og alle er premiumalpakka.
Ta gjerne kontakt ved interesse.
Kvalitet i botnen
Vi har heilt fra starten vore medvitne på å ta eit steg om gangen. Dei første åra konsentrerte vi alt arbeidet om å bygge opp ei god grunnstamme av alpakka i Noreg.
Kvalitet i botnen er avgjerande for å lukkast. Dermed er grunnlaget lagt med tanke på foredling av ulla som vert produsert.
På same tid som dyret skal gje mykje ull, er det viktig å halde oppe kvaliteten på fibra. Fordelen med produksjon av ull i Noreg er at vi kan kvalitetssikre produktet fullt ut.
Dette resulterer i at fiberet på dyra våre er av topp kvalitet.
"
Vårt mål med alpakkaoppdrett er å vere med og bidra til at alpakka kan bli ei framtidsretta, berekraftig og lønsam næring i norsk landbruk.
"
Olav Reidar Haugen